Synst du det er ukomfortabelt framfor kamera?

Som fotograf er eg veldig klar over at det å stå framfor kameraet kan vere utfordrande. Eg kjenner det sjølv - ein blir plutseleg veldig medvitne om ansikt, armar og bein! Og eg har høyrt at fleire brukar det som ein unnskyldning for å utsette eller ikkje gjennomføre ei familiefotografering - noko eg synst er kjempesynd då familiefotografering er noko eg ser på som veldig verdifult! Derfor skal eg dela nokre tips for å gjere denne opplevinga så smidig og minneverdig som mogleg.

Planlegg i forkant

Før fotograferinga må me planlegga detaljar som klesval, lokasjon og eventuelle spesielle ønske eller tema de vil inkludere i fotograferinga. Ønskjer de for eksempel at eg dokumenterar ein familiepiknikk, epleplukking, tur i skogen eller ein vanleg dag heime? Fotograferingar med eit tema eller ein aktivitet gjer bildene ekta og naturlege! Dersom de manglar idear hjelper eg deg sjølvsagt til med det!

Alle som bookar meg får tilsendt ein guide med tips og råd til farge - og klesval sånn at me får best mogleg resultat på fotograferinga. Eg tilbyr også ein kundegarderobe (til kvinner) som kan vera med å gjera val av klede endå enklare.

Velg ein passande lokasjon

Velg ein lokasjon som gjenspeglar personlegheit og preferansar. Dette kan vere alt frå skog, strand, fjell eller til og med heime i hagen. Dersom de ikkje har ein spesiell plass i tankane, hjelper eg sjølvsagt med val av lokasjon.

Kommunikasjon er viktig!

Det er viktig å kommunisere opent og ærleg. Fortel meg om eventuelle bekymringar og spørsmål knytt til fotograferinga sånn at me saman kan finne løysingar og gjere situasjonen meir behageleg for deg.

Skap eit komfortabelt miljø

Eg vil alltid streba etter å skape ei avslappa og gøy atmosfære under fotograferinga. Dette kan inkludere å spele din favorittmusikk, ta pausar når det trengs, eller til og med ha ein venn eller familiemedlem til stades for støtte. Jo meir avslappa og komfortabel du føler deg, jo betre vil bileta bli. Nokre gonger er det dei uventa øyeblikka som resulterer i dei mest fantastiske bileta.

Ver deg sjølv - “everybody else is taken”

Under fotograferinga oppmodar eg fykk til å leike og ha det kjekt saman. Kanskje de leikar “politi og tjuv” eller sitte på ryggen til kvarandre? Fokuser på å nyte tida saman med familien. Autentiske og naturlege bilete vil vere dei mest verdifulle og minneverdige.

Ver førebudd på uventa øyeblikk

Nokre gonger er det dei uventa øyeblikka som resulterer i dei mest fantastiske bilete. Ver opne for spontanitet og la borna vere seg sjølv. Desse unike øyeblikka vil vere dei mest dyrebare å sjå tilbake på.


Fokuser på det positive

Tenk ved å investere i ein familiefotografering at du får minner for alltid - for både deg og komande generasjonar. Kanskje du til og med får det gøy og nyt øyeblikket?

Hugs at du ikkje er åleine i denne prosessen. Som din fotograf er eg her for å støtte deg og gjere prosessen så enkel og behageleg som mogleg. Saman skal vi skape fantastiske fotografering som du vil vere stolt av!

Har du nokre spørsmål eller bekymringar? Ikke nøl med å ta kontakt med meg. Eg er her for å hjelpe!

Forrige
Forrige

Unike bryllaupslokaler i Sunnhordland – Perfekte for ditt bryllaup

Neste
Neste

Kvifor du bør velge forlovelsesfotografering