Kvifor du bør velge forlovelsesfotografering

Kjære komande brudepar,

Er det éin ting eg stadig oppmodar kundane mine til å vurdere, så er det kjærastefotografering - eller forlovelsesfotografering om du vil. Forlovelsesfotografering er meir enn berre ein ekstra fotosesjon før den store dagen. Nedanfor deler eg kvifor eg meiner at ein forlovelsesfotografering er ei lur og verdifull investering for dykk som eit komande brudepar.

Skap verdifulle minner

Gjer forlovelsesfotograferinga til ein happening - eller ein litt anleis date rett og slett. Fotograferinga gjer kanskje at de blir kjend med kvarandre på heilt nye måtar? Her feirar me kjærleiken de har for kvarandre på ein gøy og morosam måte. Bileta frå forlovelsesshooten vil vere eit fint minne om tida før de vart eit ektepar.

Bygge relasjon oss i mellom

Forlovelsesfotografering er ikkje berre ein moglegheit til å bli komfortable framfor kameraet, det er også ei tid for dykk å bli kjent med meg som fotograf. Å byggje ein god relasjon oss imellom er viktig for å sikre at bryllupsbileta dykkar blir så naturlege som mogleg. Kanskje eg skal vera med dykk heile bryllupsdagen? Då er det fint å vera litt kjend på førehand.

Bruk bileta kreativt

Forlovelsesbileta dykkars kan vera så mykje meir enn berre portrett. Dei kan brukast til å lage personlege invitasjonar, gjestebøker, eller til og med dekorasjon på bryllupsdagen.

Få unike lokasjonar og stilar

Ein forlovelsesfotografering gir dykk moglegheita til å utforske ulike stader og stilar som kanskje ikkje er mogleg på sjølve bryllupsdagen. Enten det er på favorittstaden dykkar, i vakker natur, eller i ein urban setting, kan me saman skape bileter som reflekterer dykkar personlegheit og kjærleikshistorie.

Reduser stresset på bryllupsdagen

Ved å ha ein forlovelsesfotografering i forkant av bryllupet, kan dykk redusere litt av stresset på sjølve dagen. Dykk har allerede fått kjend på korleis det er å stå framfor kamera!

Om dykk vurderer å ta steget og booka ein forlovelsesfotografering, håpar eg at desse punkta har overtydd dykk om kor verdifullt det kan vere. Det handlar ikkje berre om bileta me tar, men om den opplevinga me skapar saman og minnene me fangar for livet. Ta gjerne kontakt med meg for å diskutere idear og planlegga dykkars heilt spesielle forlovelsesfotografering.

Forrige
Forrige

Synst du det er ukomfortabelt framfor kamera?