Frys minnene som betyr mest

Tida går så alt for fort. Ta med deg familien din og frys øyeblikka.

De er no.

Familiefotografering på Stord og Bømlo

  • Barnet ditt, akkurat sånn det er, i dag.

Ta vare på øyeblikka

Tida går så alt for fort. Plutseleg er den vesle skatten din blitt så stor.     Når skjedde det?

Ei familiefotografering handlar ikkje berre om bildene, men om å skape minner saman. Det er eit avbrekk frå livet som kan vera utruleg hektisk - ein sjanse til å vere saman, tulle og tøyse med dei du set høgast. Målet mitt er å fange dykk som familie; latteren og kjærleiken – bilder som fortel historia om dykk, akkurat sånn som de er.

Vel familiefotografering. Gi deg sjølv ei gåve som varer – bilder som fyller hjartet, veggane, og framtida med gode minner.

Familiefotografering

Frys viktige minner

For ein dyktig fotograf! Verken mannen eller eg er særleg komfortabel framfor kamera, men Hanne skapte ein fin opplevelse for oss alle på barna sine premisser. Ho fanga verkeleg nokre flotte, naturlege øyeblikk. Anbefaler ho på det sterkeste.
— Malin

Det finnes mange ulike bildestiler og fotografer der ute. Velger de meg som fotograf får de bilder som fortel ein historie: bildene er naturlege, fulle av kjensler og liv. Eg fangar øyeblikka de deler med meg.

Familiefotografering tilbyr eg ute i naturen. Då får barn og vaksne utfalde seg fritt. Me ler, leikar, oppdagar, tullar og tøysar. Bildene skal vera levande og fortelje noko om kven de er - eg kjem dermed ikkje til å posera dykk opp og be dykk smile til kamera. Eg fangar det som kjem naturleg i øyeblikket.

Eg har mine faste lokasjonar på Bømlo og Stord, men eg reiser gjerne til din favorittplass!

Investering

9000kr inkl. mva.

Prisen inkluderar:

  • 10 digitale bildefiler i høgoppløysleg format

  • Inntil 1 time fotografering på ønska lokasjon

  • Informasjonsguide ved booking

  • Prisen gjeld for familiar inntil fem stk. Pris utover dette er 1500kr pr familiemedlem

  • Leveringstid ca. 4-8 veker


    * Faktura for fotografering sendes ut ved booking

Korleis ser bookingprosessen ut?

  • 1.

    Du tek kontakt med meg via dette skjemaet. Du kan gjerne fortelje litt om familien din og kva du ønskjer.

  • 2.

    Du får svar frå meg innan 24 timar. Dersom du ikkje har fått svar frå meg innan då, er det lurt å sjekke søppelposten din. Me avtalar dato og skriv kvarandre inn i kalenderen.

  • 3.

    Du mottek ein infomasjonsguide i frå meg med tips og råd i forkant av fotograferinga. Me avtalar plass for fotografering. Klokkeslett for fotograferinga avtalar me når datoen nærmar seg, sånn at me kan stole på vermeldingane.

  • 4.

    Etter fotograferinga vel eg ut dei bestebildene og du får dei presentert i eit nydeleg nettbasert galleri. Her velger du ut dei bildene du ønskjer. Herifrå kan du også gjere bestilling på produkt, men du er også hjarteleg velkomen heim til meg for ein bestillingstime. Då vil du få skreddersydd hjelp til val av bildeutval og produkt.

Førebuingar til familiefotografering

For å få dei beste bileta, er det lurt å legge litt tid i planlegginga. Val av lokasjon, kle, og stemning spelar ei viktig rolle for at resultatet skal spegle kven de er som familie. Eg sender ut ein informasjonsguide til alle i forkant av fotograferinga sånn at du kan førebu deg best mogleg.

Eg har mine faste plassar på Stord og Bømlo der eg fotograferar familie, men me samarbeider sjølvsagt om å finne den perfekte plassen for dykk, anten det er i naturen, heime hos dykk, eller ein stad som betyr noko spesielt for dykk.

Mange synest det kan vera ukomfortabelt å bli tatt bilder av, og det er heilt normalt. Gjennom gode samtalar og rettleiing skal eg sørgje for at dette blir ei positiv oppleving - bildene ser ikkje berre flotte ut, men minnene frå fotograferinga skal vere gode å sjå tilbake på. Du kan lese eit blogginnlegg her med tips og råd dersom du kviar deg for å bli fotografert.

Med litt planlegging og eit trygt miljø får me saman skapt bilder du vil vere stolt av.

Kundegarderobe

Du kan låna kjole hos meg

Eg har ein liten kundegarderobe med eit utval av nydelege kjolar i nydeleg kvalitet som passar perfekt til estetikken og bildestilen eg tilbyr.

Du får låne kjole i frå kundegarderoben min gratis. Dersom du lurar på om du vil låne ein kjole til fotograferinga får du sjølvsagt lov til å ta den med heim i forkant å prøve.

“Eg er så glad for at me valgte å bruke Hanne som fotograf! Ho fanga så mange fine øyeblikk, og det var vanskeleg å velje ut kva bilete me ville ha. Hanne er så behageleg, og gjere at ein blir trygg framfor kamera. Håpar me får bruke ho igjen!”

—Helena

Livet skjer - og det går fint!

Livet er uforutsigbart, og ting kan endre seg. Når me planlegg ei fotografering saman, kan me sjølvsagt ikkje styre veret eller barna sin dagsform. Dersom det bøttar ned, finn me eit nytt tidspunkt som passar, men litt duskregn er ingen hindring! Faktisk kan regn gi bildene ei fantastisk stemning, med mjukt lys og eit unikt preg.

Når det kjem til barna, er det heilt normalt at viljestyrke og dagsform spelar ei rolle. Difor tek me oss god tid, og alt skjer på barnet sine premissar. Me leikar, tullar og tøysar oss gjennom fotograferinga, slik at barna kan slappe av og vere seg sjølve. Små, ekte uttrykk kan vere minst like verdifulle som store smil.

Og dersom det rett og slett ikkje går denne gongen, er det heilt greitt. Me avtalar berre eit nytt tidspunkt. Skulle nokon bli sjuke, flyttar me fotograferinga til ein dag som passar betre. Ingen grunn til stress – Me tilpassar oss livet som det skjer.

Digitale bildefiler

Dersom du ønskjer å kjøpe fleire digitale bildefiler enn dei 10 som er inkludert i fotograferinga finn du prisliste her:

  • Heile galleriet: KR 10.000 inkl. mva

  • 30 digitale bildefiler: KR 6.000 inkl. mva

  • 10 digitale bildefiler: KR 3.000 inkl. mva

  • Bildefil per stk: KR 500 inkl. mva


Døme: KR 9.000 for fotograferinga (inkludert 10 bildefiler) + ekstra 30 digitale filer: KR 6.000 = KR 15.000 inkl. mva. totalt.

Bli litt betre kjend med meg

Eg heitter Hanne og er personen bak kamera. Eg fotograferar på i hovudsak på Stord og Bømlo, men eg reiser meir enn gjerne til din favorittstad. Eg har som mål å fanga ekta og naturlege øyeblikk på ein dokumentarisk måte.