Hei på deg!
Bli litt betre kjend med meg
Kanskje me har noko tilfelles ?
Eg heitter Hanne og bur på sumarøya Stord. Eg har likt å fotografera så lenge eg kan hugsa, og med tida har interessen vokst til å bli ein stor og viktig del av livet mitt.
Familielivet er viktig for meg. Eg er kjærasten til Stian og mamma til to nydelege gutar. Eg interesserar meg for helse og livsstil og eg brukar helst fritida mi på vener og familie. Det er heller ikke usannsynleg at du finn meg i sofakroken med ein god krimserie. Eg er svak for sjokolade, soloppgangar, eit kaldt bad og kaffi.
Eg er utdanna kunst og handverkslærar og tok master i kreative fag og læreprosessar. Eg har alltid likt å jobba med mennesker, så mastergraden handla naturleg nok om foto og korleis ungdomar brukar sjølvportrett til å uttrykke seg på sosiale medier.
Som fotograf elskar eg å dokumentere bryllaup og familiar. Eg er roleg og jordnær og eg har ei fotojournalistisk tilnærming når eg fotograferar. Det betyr at eg fokuserar på å fortelja ei historie gjennom bildene mine. Bildestilen skildrar eg som moderne og dokumentarisk - eg fangar dei tradisjonelle portretta, men også alle dei fine små, og store, øyeblikka der imellom.