Nyfødtfotografering på Stord og Bømlo
Alt er nytt
Dokumenter den første tida saman med verdas finaste skatt.
De er no.
Stopp tida litt
Dei første dagane med eit nyfødd er heilt unike. Ved å velge nyfødtfotografering tar du vare på desse dyrebare øyeblikka for alltid.
Når du vel nyfødtfotografering får du bevart minnene frå den nye og gjerne litt ukjende kvardagen. Me skal fanga kvar detalj med omtanke - dei små fingrane som griper fast, dei søte, trøytte smila. Dette er øyeblikk som får hjarta ditt til å sprekke av kjærleik og stoltheit, og som du vil ha deg gjennom heile livet.
Eg skapar ein trygg og avslappa setting for deg og din nyfødte, slik at me kan fange desse uforgløymelege minnene. La meg hjelpe deg med å bevare denne uerstattelige tida, sånn at du alltid kan sjå tilbake på desse første dagane som forsvinn så alt for fort.
Nyfødtfotografering
Når livet får ny meining
På nyfødtfotografering kjem eg heim til deg for å fange den første verdifulle tida. Eg fotograferar baby, foreldre og eventuelle søsken i dykkar eige, trygge heimemiljø. Eg fangar naturlege øyeblikk frå den nye kvardagen dykkar – og ikkje minst dei små nusselige detaljane; silkemjuk babyhud, små smil i halvsøvne, nysgjerrige blikk og pittesmå tottelottar. Målet mitt er å dokumentere denne spesielle tida på ein måte som kjennest ekte og personleg, sånn at de får bilder de vil ha glede av i lang tid.
Investering
9000kr inkl. mva.
Prisen inkluderar:
10 digitale bildefiler i høgoppløysleg format
Inntil 2 timar fotografering heime hos deg
Informasjonsguide ved booking
Eg fotograferar baby, foreldre og søsken
Leveringstid ca. 4-8 veker
* Faktura for fotografering sendes ut ved booking
Når du planlegger nyfødtfotograferinglurar du kanskje på…
Kor gamal bør babyen vere?
For best resultat, bør fotograferinga skje innan dei første 14 dagane etter fødselen. Dette er når babyen er mest søvnig og lett å posisjonere for dei vakre, mjuke bileta du ønskjer.
Når bør du booke nyfødtfotografering?
Det er lurt å booke nyfødtfotografering ei stund før termin. Då gir du meg eit hint om når lillingen har meldt sin ankomst og eg tek meg av resten. Unngå å styre med booking i barseltida. Den skal du nyte saman med babyen din. Om du treng å flytte på avtalt dato, ordnar me sjølvsagt dette.
Korleis ser bookingprosessen ut?
-
1.
Du tek kontakt med meg via dette skjemaet. Du kan gjerne fortelje litt om familien din og kva du ønskjer.
-
2.
Du får svar frå meg innan 24 timar. Dersom du ikkje har fått svar frå meg innan då, er det lurt å sjekke søppelposten din. Me avtalar dato og skriv kvarandre inn i kalenderen.
-
3.
Du mottek ein infomasjonsguide i frå meg med tips og råd i forkant av fotograferinga. Klokkeslett for fotograferinga avtalar me når datoen nærmar seg.
-
4.
Etter fotograferinga vel eg ut dei beste bildene og du får dei presentert i eit nydeleg nettbasert galleri. Her velger du ut dei bildene du ønskjer. Herifrå kan du også gjere bestilling på produkt, men du er også hjarteleg velkomen heim til meg for ein bestillingstime. Då vil du få skreddersydd hjelp til val av bildeutval og produkt.
Tre gode tips til nyfødtfotograferinga
1. Det er viktig med godt naturleg lys for å få til heimafotografering. Tenk fotografering i næheten av store vindauge. Er du i tvil, så spør meg.
2. Ver førebudd på at alle blir fotografert - sjølv om du berre har bestilt nyfødtfotografering. Eg fotograferar baby, foreldre og eventuelle søsken. Mitt mål er å fanga eit lite glimt av kvardagen dykkars. Pynt dykk gjerne litt, men tenk at det enkle ofte er det beste.
3. De skal ikkje stressa med husvask før eg kjem, men rydd gjerne overflatane der me skal fotografera.
“Anbefaler virkelig Hanne! Kjempeflink fotograf som gjorde opplevelsen så naturlig. Me ser på mange av bildene omtrent kvar dag og me elsker dei!.”
— Becca
Digitale bildefiler
Dersom du ønskjer å kjøpe fleire digitale bildefiler enn dei 10 som er inkludert i fotograferinga finn du prisliste her:
Heile galleriet: KR 10.000 inkl. mva
30 digitale bildefiler: KR 6.000 inkl. mva
10 digitale bildefiler: KR 3.000 inkl. mva
Bildefil per stk: KR 500 inkl. mva
Døme: KR 9.000 for fotograferinga (inkludert 10 bildefiler) + ekstra 30 digitale filer: KR 6.000 = KR 15.000 inkl. mva. totalt.
Bli litt betre kjend med meg
Eg heitter Hanne og er personen bak kamera. Eg fotograferar på i hovudsak på Stord og Bømlo, men eg reiser meir enn gjerne til din favorittstad. Eg har som mål å fanga ekta og naturlege øyeblikk på ein dokumentarisk måte.