Bryllaup på Hardingasete: Ei magisk feiring ved Hardangerfjorden
I sommar hadde eg gleda av å vere bryllaupsfotograf for Miriam og Marius då dei gifta seg på Hardingasete. Det var ein dag prega av mykje kjærleik, tårer og latter, med den vakre naturen i Hardanger som ei flott ramme. Frå fyrste stund hadde me god kjemi, noko som gjorde at både bildene og stemninga vart naturlege og avslappa gjennom heile dagen.
Seremonien på brygga
Me var utruleg heldige med veret den dagen. Sola strålte og det var perfekt ver for uteseremoni. Hardingasete har ein den unike moglegheita til å ha seremonien ute på kaien, med Hardangerfjorden som bakteppe. Det er verkeleg noko heilt spesielt med å gifte seg ute på denne måten. Fjorden ligg stille rundt, og fjella reiser seg majestetisk i bakgrunnen – det gir ein heilt magisk atmosfære. .
First look med foreldra
Ein av dei mest rørande delane av dagen var då Miriam hadde sin "first look" med foreldra sine. Ho møtte dei før seremonien, og eg fekk foreviga augneblikket då dei såg henne i brudekjolen for første gong. Det var mange kjensler i sving, og både mor og far hadde tårer i auga medan dei klemte henne. Slike øyeblikk, der tida står stille, er det som gjer bryllaupsfotografering så spesielt.
Portrett i vakre Strandebarm
Etter seremonien tok vi turen til Strandebarm for portrettfotografering. Omgjevnadene her er heilt fantastiske – med fjord, fjell og frodig natur. Me vandra rundt, slappa av og nøyt den idylliske stemninga, medan eg tok naturlege og uoppstilte bilder av Miriam og Marius. Eg føretrekk å jobbe utan for mykje oppstilling, slik at paret kan vera seg sjølve. Resultatet blir ofte dei mest minneverdige bildene, fulle av personlegdom og ekte kjærleik.
Ein kveld med rørande talar
Festen på Hardingasete var ein varm og personlig affære, med mange rørande og tårevåte talar. Gjennom kvelden var det fleire som delte minner og historier om paret, og latteren sat like laust som tårene. Det er slike stunder som minner oss om kor viktig det er å feire saman med dei ein er glad i.
Hardingasete: Eit historisk perle
Hardingasete, der Miriam og Marius valde å halde bryllaupet sitt, er ikkje berre vakker naturleg plassert ved Hardangerfjorden. Dette gamle gardstunet er også ein historisk stad, med bygningar som har stått her sidan tidleg 1900-talet. Tunet er omkransa av fjell og skog, og sjølve stemninga på staden gjer at du kjenner historia i veggane medan du går rundt på eigedomen. For dei som ønskjer ein roleg, tradisjonsrik stad for feiringa si, er Hardingasete ein skjult skatt.
For meg var det ei stor glede å få vere ein del av Miriam og Marius sin store dag. Den fine kjemien me hadde gjorde det lett å fange dei ekte, nære øyeblikka, og det er desse bildene som vil minne dei om denne dagen for alltid.
Ser du etter ein fotograf til ditt bryllaup på Hardingasete eller andre stader i Vestland? Ta gjerne kontakt, så kan me planlegge korleis dine minner skal bli foreviga.