Fotograferer bryllaup, familie og nyfødt på Stord og Vestland

hei

eg er Hanne

… og elskar å dokumentere alle fasar i livet — frå den voksande magen, nye nysgjerrige blikk, trøyst på pappa sitt fang og grønske på knea. Eg fangar bilete av deg og dine som de vil ha glede av i generasjonar.

Varme ord frå andre

"Fotografen me har valt igjen og igjen. Hanne skapar magi med kamera, og eg er så takksam for alle dei små og store augneblink ho har fanga av familien vår!

- Ingunn og Øystein

"Fantastisk fotograf som gjorde det kjekt for store og små. Bildene blei heilt utrolig fine og me kunne ikkje blitt meir fornøyd. Anbefales på det sterkeste!"

- Anette

"For ein dyktig fotograf! Verken mannen eller eg er særleg komfortabel framfor kamera, men Hanne skapte ein fin opplevelse for oss alle på barna sine premisser. Anbefaler ho på det sterkeste"

- Malin

"Eg er så glad for at me valgte å bruke Hanne som fotograf! Hanne er så behageleg, og gjere at ein blir trygg framfor kamera. Håpar me får bruke ho igjen!"

- Helena

"Hanne Barane Foto var ein utrulig flott oppleving for oss. Super med kidza og verkeleg god til å få fram dei gode motiva. Me er svært godt nøgd!"

- Nils Eivind

"Vi er så fornøyd med Hanne som fotograf! Fikk tatt bilde av de viktige detaljene og gode øyeblikkene som vi skal se tilbake på i år etter år. Hun skal vi uten tvil bruke igjen"

- Sandra

"Flinke Hanne! Så dyktig fotograf så fange dei finaste øyeblikka. Ikkje minst er ho så komfortabel og væra rundt. Takk for magiske bilder. Me velg deg lett igjen."

- Kamilla

"Me er utruleg nøgd med bileta som Hanne har tatt av vår nyfødte son! Dei viser nære og ekta augonblink frå nyfødtbobla!"

- Sesilie og Toni

med meg får du

Ein behageleg fotograf

Du skal vere deg sjølv, utan å måtte posere eller feike eit smil. Me ler saman og har det kjekt, slik at du gløymer at du blir tatt bilete av.

Rettleiing

Du får hjelp med alt det praktiske — val av klede, fargar og fotolokasjon. Du kan gle deg til fotograferinga.

Tryggleik

Du får ein erfaren fotograf som tek ansvar, sånn at du kan senke skuldrane. Du skal kjenne deg trygg og nøgd både før, under og etter fotograferinga.

Minner frå livet

Ta vare på dei små augeblinkane som betyr mest for deg. Du får bilete som speglar deg og di historie på ein unik måte, som du kan ta med deg resten av livet.